A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Opningstid for risikogruppene

Frå måndag 23. november vert det eiga opningstid for lånarar i risikogruppene.

Opningstida er frå 08.00 - 10.00 måndagar, og ein tinge tid på førehand.

Tid tingar du på SMS til 46 91 56 47, eller e-post: bibliotek@ardal.kommune.no.

Ein kan ha med følgjerperson, men ein kan ikkje møte opp i grupper.

Det vil kun vere du og personalet som er i biblioteket i ditt tidsrom.

Vi veit at nokre av lånarane våre ikkje finn det trygt å nytte biblioteket no. Hugs at alle bøker og anna materiale vert vaska, og sett i karantene før dei går ut att til ny lånar. 

Vi minner og om at det er mogleg å få køyrt bøker heim onsdagar.

 

Velkomen til oss - vi er der for deg !   ❤️