Opning av aktivitetspark

I dag klokka 1100 vart Årdal Aktivitetspark offisielt opna på gamle paviljongtomta.

Etter under eitt år frå idè til fullføring kunne ordføraren i dag gjennomføre formell opning av den nye aktivitetsparken som er plassert mellom kunstgrasbana og Farnes skule, ungdomssteget.
Til stades på opninga var born, ungdom og lærarar frå Farnes skule samt formannskapet. I tillegg kom det representantar frå nokre av medspelarane, mellom anna frå Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og Arkitektkontoret 4B. 
Skulemusikken var til stades for å stå for det kunstnarlege innslaget. Dei framførte tre flotte stykke til glede for alle dei frammøtte.
To elevar frå 1 klasse fekk gleda av å halde snora som markerte den ofisielle opninga av anlegget medan ordførar Arild Ingar Lægreid føretok den viktige snorklippinga for å markere endeleg opning.

                                                                Opning av klatrepark og crossfitanlegg (1).jpg
No må det seiast at anlegget har vorte teke i bruk tidlegare, så skribenten har ved fleire høve observert både born og ungdom, jamvel vaksne som har vore inne og «prøvd» anlegget etter entreprenørane var ferdige med sin del.
Heile anlegget er kostnadsrekna til om lag 1,25 mill slik det framstår no. Av dette vil tippemidlar utgjere 600 000, Sparebankstiftinga har løyvd 250 000 og resten frå Handelsbygg.  
Vi håper at anlegget vert mykje brukt og at alle interesserte tek seg ein runde i den eine eller andre delen av anlegget.

Opning av klatrepark og crossfitanlegg (4).jpg     Opning av klatrepark og crossfitanlegg.jpg      Opning av klatrepark og crossfitanlegg (5).jpg

Opning av klatrepark og crossfitanlegg (2).jpg     Opning av klatrepark og crossfitanlegg (3).jpg  

Tips ein ven Skriv ut