Ope møte om detaljreguleringsplan "Hydroparken"

I samsvar med §12-10 i plan- og bygningslova vedtok formannskapet i møte 8. mars 2016, sak 019/16, å legge framlegg til Detaljreguleringsplan for Jens Davidsons veg og Verksvegen, Øvre Årdal (PlanID 1424 2014001) ut til offentleg ettersyn. 

 

Høyringsfrist 15. mai 2016.

Årdal kommune inviterer til ope møte om planen slik;

Stad: Årdal kulturhus
Dato: 27. april 2016
Tid:   19.00 – 21.00

Informasjon om detaljreguleringsplan og vedlegg.

Tips ein ven Skriv ut