Omsorgsbustad Årdal bu- og omsorgssenter
Kven får tenesta
Ledig omsorgsbustad ved ÅBO vert lyst ledig i lokalavisa ”Sogn Avis”. Søknad om omsorgsbustad vert innvilga etter Sosialtenestelova § 3-4 og Forvaltningslova §2b, og er eit kommunalt vedtak. Årdal bu – og omsorgssenter er ein del av heimetenestene, og det vert gjeve tenester etter individuell vurdering av den enkelte sine behov. Til vanleg teke ein med seg tenestene ein har frå før, slik som t.d. heimehjelp, heimesjukepleie, matombringing, transportkort og tryggleiksalarm.
Det er utval for helse, sosial og omsorg som i sak 09/627 har vedteke inntakskriteria. Ved tildeling vert desse retningslinene følgt:
a) Det skal vera vurdert om søkjar framleis kan bu i eigen heim med bistand frå kommunen sine tenester.
b) Tenester som t.d. heimehjelp og heimesjukepleie er prøvde ut og vert ikkje lenger vurderte som tilstrekkelege i eigen heim.
c) Det skal vera vurdert om noverande bustad kan leggast betre til rette ut frå søkaren sine behov
d) Ein bør vurdera om ein kan skaffa seg ein betre eigna bustad privat.
e) Søkjar må ha behov for heildøgns helse- og sosialtenester for å kunna klara seg i dagleglivet.
f) Det kan også takast omsyn til om søkjarar vil meistre dagleglivet betre ved å bu i lag med andre.
g) Personar som er svært pleietrengande eller har ein kjend demensdiagnose kan ikkje nyttiggjera seg tilbodet.
Tilleggsinformasjon:
Bebuarar ved Årdal bu og omsorgssenter kan søkje statleg bustønad via den Norske Husbanken. Skjema og rettleiing får de hjå NAVpå tlf 5701 6440
Omsorgsbustadane ved Åbo er på ca 50 m2 og har eitt soverom. Sentralvarme er inkludert i husleiga.
Korleis få tenesta
Tenestetorget har søknadsskjema.
Ein kan også få søknadsskjema ved Årdal sjukeheim og Årdal bu – og omsorgssenter.
Søknadsskjema er lagt ut på Internett.
Søknad skal sendast på eige skjema. Alle søknader vert vurdert med eit heimebesøk.
Pris/kostnad/tilskotsordningar
Sjå betaligssatsar under sjølvhjelp
Heimelsgrunnlag for tenesta
· Pasientrettighetsloven kap. 7
· Forvaltningsloven
· Helsepersonelloven
· Kommunehelsetjenesteloven
· Rett til egen tros- og livssynsutøvelse
· Forskrift om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
Klage
Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar for heimetenestene.
Her får du råd og rettleiing.
Kontaktinformasjon
Leiar Heimetenestene: tlf. 57 66 50 81
Avdelingssjukepleiar, Sone 1 (ÅBO): tlf. 57 66 54 44
Avdelingssjukepleiar, Sone 2 (Øvre Årdal): tlf. 57 66 54 53
Avdelingssjukepleiar, Sone 3 (Årdalstangen): tlf. 57 66 52 56
E-post: postmottak@ardal.kommune.no
Publisert: tysdag 22. februar 2011, 12:57
Oppdatert: onsdag 25. mai 2011, 13:45