A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Offentleg ettersyn - Detaljreguleringsplan for Jens Davidsons veg og Verksvegen

I samsvar med §12-10 i plan- og bygningslova vedtok formannskapet i møte 8. mars 2016, sak 019/16, å legge framlegg til Detaljreguleringsplan for Jens Davidsons veg og Verksvegen, Øvre Årdal (PlanID 1424 2014001) ut til offentleg ettersyn. 

4. mai - Oppdatert Skredfarevurdering og presentasjon frå Handelsbygg er lagt ut som vedlegg.

Høyringsfrist 15. mai 2016.

Formålet med planen er å legge til rette for forretning og industri innafor planområdet. Planen femnar om eit areal på 15 daa som er lokalisert ved anlegget til Hydro i Øvre Årdal mellom dei kommunale vegane Jens Davidsons veg og Verksvegen.

Utbyggingsområda i planen er sett av til forretning, industri og kommunalteknisk anlegg. Samla opna planen for eit bebygd areal (BYA) på i underkant av 10.000 m2 medrekna parkering.

Årdal kommune varslar at ein i samsvar med § 12-14 i plan- og bygningslova vurderer å oppheve gjeldande plan for området (Plan id 1424 1996002). I denne planen er arealet sett av til parkbelte i industriområde.

Merknader må sendast til:
Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, eller e-post postmottak@ardal.kommune.no og vere kommunen i hende seinast 15.05.2016.


Årdal kommune inviterer til ope møte om planen:
Stad: Årdal kulturhus
Dato: 27. april 2016
Kl:    19.00 – 21.00

Høyringsdokument:
Offentleg ettersyn - Detaljreguleringsplan for Jens Davidsons veg og Verksvegen, Øvre Årdal 
Detaljreguleringsplan for Jens Davidsons veg og Verksvegen, Øvre Årdal
Detaljreguleringsplan for Hydroparken, Øvre Årdal
Område sett av til grøntområde i arealplan
KU-vurdering - Detaljreguleringsplan for Hydroparken
Planbeskrivelse  Øvre Årdal 29.02.16
Konsekvenser av Europris etablering i Hydroparken i Årdal
Arealplan - medverknad

Vedlegg 1. Plankart datert 10.12.15, rev 23.02.16
Vedlegg 2. Planbestemmelser 10.12.15, rev 23.02.16 
Vedlegg 3. Varslingsbrev Hydroparken Øvre Årdal, 26.03.15
Vedlegg 4. Innkomne merknader ved varsling
Vedlegg 5. Møtereferat 
Vedlegg 6 - Skredfarevurdering Hydroparken Oppdatert pr 2. mai 2016
Vedlegg 7. Trafikkanalyse 

Presentasjon frå Handelsbygg - informasjonsmøtet 27. april

Tips ein ven Skriv ut