A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Nytt utsleppsløyve for Dalsurdi avfallsplass

Fylkesmannen melder på sine heimesider at det er utferda nytt utsleppsløyve for mottak av inert avfall til deponi på Dalsurdi avfallsplass i Årdal kommune.

I samsvar med utviklinga av avfallsregelverket på 2000-talet, seinast i 2009, må alle avfallsplassar ha nye løyve etter ureiningslova for å kunne motta avfall.

Dalsurdi avfallsplass har no fått nytt utsleppsløyve for å kunne ta imot og deponere inert avfall*. På staden kan ein også mellomlagre vanleg avfall som skal gjenvinnast eller fraktast til sluttdisponering andre stader.

(* "inert avfall" er avfall som er stabilt, og ikkje medfører spesiell ulempe i form av lukt eller avrenning til vatn)

 

Tips ein ven Skriv ut