A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Nytt høgdegrunnlag i kartdata i Sogneregionen

Kommunane Årdal, Balestrand og Vik innfører frå 13. april 2015 eit nytt NN2000 høgdegrunnlag i kartdata, Aurland, Leikanger, Lærdal, Sogndal og Luster frå 20. april.


  • 1

Kartdata som blir levert av kommunane Årdal, Balestrand og Vik  vil etter 13. april 2015 ha andre høgdeverdiar (andre z-koordinatar) enn dei har i dagens NN1954 høgdesystem. Aurland, Leikanger, Lærdal, Sogndal og Luster kommune leverer data i nytt høgdegrunnlag frå 20 april 2015.

NN2000 er eit nytt felles nasjonalt høgdegrunnlag som omfattar alle kommunale og statlege kartdata. Forskjellen mellom gamal og ny høgdeverdi på same punkt vil være inntil 19 cm. Endringa inneber at ny høgdeverdi vil være større eller mindre enn gammal høgdeverdi.

Det vert ikkje endringar i grunnriss (x- og y-koordinatane)  og endringa gjeld heller  ikkje historiske eller analoge kart.

Forskjell NN1954 og NN2000:

Sogn

 

 

Min-Max endring (meter)

Størst endring (cm)

 

1416

Høyanger

-0,11  ->  0,10

11

 

1417

Vik

-0,08  ->  0,17

17

 

1418

Balestrand

-0,03  ->  0,11

11

 

1419

Leikanger

0,01  ->  0,08

8

 

1420

Sogndal

-0,09  ->  0,18

18

 

1421

Aurland

-0,08  ->  0,15

15

 

1422

Lærdal

-0,06  ->  0,19

19

 

1424

Årdal

-0,10  ->  0,12

12

 

1426

Luster

-0,07  ->  0,11

11

Det gamle høydesystemet

Alle kommunar i Sogn har inntil i dag hatt normal null av 1954, forkortet til NN1954 som sitt offisielle høgdesystem. Normal null 1954 er fysisk knytta til eit bestemt fastmerke (fundamentalpunkt) ved Tregde vannstandsmåler  (i Mandal). NN1954 er eit over 50 år gamalt høgdesystem med betydelege manglar og svakheiter. NN54 er ikkje korrigert for landheving og endra middelvassstand, og dette er ei medverkande årsak til at høgdeavmerkinga  avvik frå dagens virkelegheit ved at dei er fra -11 til +19 cm i Sogn.
 

Nytt system-NN2000

Det nye høgdesystemet har fått namnet NN2000 (Normal Null 2000). NN2000 er eit felles nordisk vertikalt referansesystem som vil være stabilt i overskueleg framtid. Nullnivå i NN2000 er representert ved ei referanseflate (geoiden) som harmonerer med middelvasstand  i referanseåret 2000.

Kvifor nytt høydesystem?

Vi får eit einsarta homogent høgdesystem for heile landet, med kjent kvalitet. Høgdesystemet stemmer med ”marka”. Referanseramma  (fastmerka) må til ei kvar tid være betre enn oppmålingsteknologien. Nøyaktige 3D-data og data frå laserskanning stiller store krav til høgdegrunnlaget.

Meir presis påvising av middelvasssnivå er viktig for bygg- og anleggsverksemd nær sjøen.

Konsekvensar

Skilnaden mellom NN1954 og NN2000 i Sogn varierer frå ca -11 cm til +19 cm. Endring av høgdereferanse vil krevje ei omrekning av alle høgdebærande  data som gjeld offentlige etatar, planleggjarar, arkitektar, entreprenørar og landmålarar som jobbar i og for Sognekommunane. Dei kommunale kartdatabasane  som er tilgjengelege for sal gjennom den enkelte kommune eller via Kartverket, får nye NN2000-høyder  frå 13.april eller 20 april 2015.

Det er svært viktig at brukarar av kommunen sine kartdata, er merksame på denne overgangen og ikkje blandar gamle og nye data med ulik høgdereferanse.

Merking av data

For å unngå mistydingar etter overgangen må kart, teikningar og dataleveransar merkast med korrekt avmerking av høgdereferanse!, for eksempel vil uttrekk av data til ei SOSI-fil etter gjennomføringsdato, alltid kodes med …VERT-DATUM  NN2000 i SOSI-fila sitt hovud. Dersom ein blandar høgdedata frå forskjellige system utan å være klar over det, kan det få store konsekvensar!

Høgdene i en GPS referer seg til ellipsoiden. For å måle høgder i NN2000 treng ein høgdereferansemodell (geoidemodell/HREF-modell)). HREF2014C_NN2000_EUREF89

Entreprenørar, landmålingsfirma og andre som vil ha tilgang til den nye  HREF høgdereferanse- modellen kan ta kontakt med Kartverket.

Les meir hos Statens Kartverk:

meir info om NN2000 og overgangen.

Innføring av NN2000 i Sogn og Fjordane og Hordaland

Tips ein ven Skriv ut