Nytt feltkontrollørkurs hjortevilt 22. januar 2016

Grunna stor interesse og fullsett kurs i november 2015, har Felles Landsbrukskontor ÅLA gleda av å invitera til nytt feltkontrollørkurs for hjortevilt.
 

Kurset vert arrangert i samarbeid med Norsk Hjortesenter og Mattilsynet.

Kursstad/dato: Lærdal rådhus 22. januar frå 8.30-16.00.

Bindande påmelding innan 8. januar til knut.fredrik.oei@laerdal.kommune.no. Det er 20 plassar.

Pris for kurset er mellom 1500-2500 kr, avhengig av tal påmelde.

Kurset gir deg kunnskap om vilt og kjøt, samt rett til å feltkontrollera kjøt for omsetjing. Kurset er eit must for den ivrige jeger

Meir detaljert informasjon finn du her.

Program for dagen kan du lesa her

Tips ein ven Skriv ut