A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Nyoppretta stilling, tenesteleiar Helse 100% fast

søknadsfrist: 20. august 2018

Ledig stilling

Helse og omsorgstenesta i Årdal kommune omorganiserer for å :
- Sikre fornying og innovasjon i tenester
- Sikre effektive tenester
- Sikre ei fagleg sterk helse - og omsorgsteneste
- Sikre sterkare utbygging av heimetenester
- Sikre godt leiarskap
- Sikre heilskaplege og samanhengande tenester

Tenesteområdet helse omfatter legetenesta, helsestasjon, skulehelseteneste, jordmortenesta, ergoterapi, fysioterapi, frisklivssentral, folkehelse og psykisk helseteneste. NAV kommunal del kan verta ein del av tenesteområde på sikt. Målet med omorganiseringa er å sikre ei fagleg sterk helse og omsorgsteneste.Vi satser på ei sterkare vektlegging av meistring, rehabilitering, førebygging, tidleg innsats, aktivisering, nettverksarbeid , kvardagsrehabilitering og til innføring av velferdsteknologi. Tenesteområdet skal og ivareta folkehelsearbeidet. Ved å samle tenestene i eit felles tenesteområde, kan vi skape heilskaplege og samanhengande tenester.

Me har ledig
100% fast stilling som tenesteleiar for nyopretta tenesteområde helse.
Tilsetjing frå 1. september 2018.

Arbeidsoppgåver
- Ansvar for fag, økonomi, personal og administrasjon
- Ansvar for leiing og kvalitetsforbetring
- Ansvar for utviklings- og omstillingsprosessar innan helse
- Ansvar for overordna mål, drift og resultat.
- Medansvar for god samhandling på tvers av fagområder i og utanfor Årdal kommune
- Samarbeid med tildelingskontor
- Digitalisering og teknologi

Me tilbyr
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Godt samarbeid med andre tenester
- Stillingen inngår i leiargruppa i helse og omsorg

Kvalifikasjonskrav
- Minimum 3 årig helse - og sosialfagleg høgskole/universitetsutdanning
- Leiarerfaring eller vidareutdanning innan leiing

Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar.
- Du bidrar til resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetansebygging på tvers.
- Du er endringsvillig og nytenkjande.
- Du har evne til å motivere, ta avgjersler og delegere.
- Du har stor arbeidskapasitet og gjennomføringskraft.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Må ha førarkort for bil

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no

Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist 20.08.2018 Utlyst dato 05.08.2018 Vårref 949
Kontaktperson
Helen Koldal, Ass. kommunalsjef, mobil: 99018532, helen.koldal@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut