A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Nye byggereglar frå 1. juli 2015

1. juli 2015 trådte forenklingar i byggesaksforskrifta i kraft. Etter 1. juli kan du mellom anna  sette opp ein garasje på inntil 50 kvadratmeter eller et tilbygg på 15 kvadratmeter uten at du trenger å be om løyve frå kommunen fyrst.

Kan eg bygge utan å søke?

Forenklinga av reglane kan gi deg meir fridom til å bygge, men du får også meir ansvar.
Du må sjølv sørge for at det du ønskjer å bygge er i tråd med lovverket.

Under finn du informasjon og verktøy som kan hjelpa deg til å finne ut om du ikkje treng å søke om å få bygge, eller om du må sende ein byggesøknad til kommunen.

Vi ber om forståing for at vi ikkje kan godkjenne bygging over telefonen. All informasjon vi gir i ein telefonsamtale med deg er kun rettleiande. Det er du sjølv som har ansvar for at byggverket er i tråd med lovverket.

Det viktigaste du må sjekke er kva reguleringsplan som gjeld for tomta di og kva denne seier om bygging av garasje, utnyttingsgrad og andre avgrensingar som gjeld framfor forenklingane i byggesaksforskrifta.

Vi anbefalar deg å lese aktuelle informasjonsark nedanfor på førehand, før du tek kontakt med oss for informasjon om planstatus på eigedomen din og meir informasjon om dei nye reglane.

Informasjonsblad om å bygge utan å søke:

Sjå elles:

Kontaktinformasjon:
Stine Mari Måren Elverhøi, tlf 57 66 51 17

Tips ein ven Skriv ut