A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ny likningsverdi på bustaden din

Alle eigarar av bustad vil i løpet av september få brev frå Skatteetaten. I brevet vert du bedt om å innrapportere opplysningar om arealet i bustaden din.

Du skal melde inn arealet på primære rom (P-ROM). P-ROM er alt som vert definert som opphaldsrom i bustaden din.

Føl rettleiinga om korleis du måler opp bustaden din.

Arealet som Årdal kommune har registrert i matrikkelen er ikkje det same som det arealet Skatteetaten skal ha. Vert arealet frå matrikkelen brukt så vil likningsverdien bli høgare enn det som er rett.

Du treng difor ikkje ta kontakt med Årdal kommune for å få opplyst arealet på bustaden din.

Har du spørsmål om ny likningsverdi på bustaden din ring 800 80 000 og tast 0.

Utvida telefontid: 1.- 3. september: kl. 08:00- 22:00 6. - 9. september: kl. 08:00- 22:00 11. - 15. oktober: kl. 08:00- 22:00

Endring av bustad til fritidsbustad Ynskjer du å gjere endring av bustad til fritidsbustad så må det søkjast kommunen om dispensasjon. Ein sånn søknad utløyser gebyr for handsaminga. Søknad må sendast Årdal kommune, Postboks 40, 6881 Årdalstangen

Tips ein ven Skriv ut