Nundalsdrapet 27. august

Ny framsyning søndag 27. august kl. 17.00 på Årdal kino.

Årdølen Ola Moen har regissert filmen «Nundalsdrapet», ei gamal lokal mordgåte frå Nundalen.

Filmen tek føre seg det såkalla «nundalsdrapet» frå 1817. Historia fortel at driftekaren Eirik Høyum var på veg frå Valdres til Luster med ein god slump pengar då han etter eit uheldig møte i Nundalen miste både pengane og livet.

Handlinga i filmen startar når drapet allereie er gjort og tek føre seg etterforskaren sitt arbeid med å finne mordaren.

Ola har studert på Westerdals i Oslo, ein privat høgskule med retningar innan kunst, kommunikasjon og teknologi, og filmen har vore bacheloroppgåva. Ei rekkje lokale skuespelarar har vore med i filmen.

Billettar kjøper du på heimesida til kinoen.

Tips ein ven Skriv ut