A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

NorSun AS søkjer om auke i utsleppet av suspendert stoff

NorSun AS i Årdal søkjer Miljødirektoratet om løyve til ein mellombels auke i utsleppet av suspendert stoff. Det suspenderte stoffet består av silisiumspon frå saging av silisiumblokker. Utsleppet vil kunne auke betydeleg frå dagens nivå på dryge 100 kg/døgn til omtrent 900 kg/døgn. Det auka utsleppet vil kunne gå føre seg fram til oktober 2017.

Miljødirektoratet har bedt kommunen leggje eit eksemplar av søknaden ut til offentleg innsyn. Høyringsfrist er 7. oktober 2016 og høyringskommentar skal sendast til Miljødirektoratet. 

NorSun AS produserer blokker og wafere av monokrystallinsk silisium for bruk i solcelleproduksjon. Grunngivinga for søknaden er at føretaket skal gå over til ein annan type sagvæske som er vatnbasert. Dette vil gje eit lågare forbruk av kjemikal og eit tilsvarande lågare utslepp av oksygenforbrukande stoff (KOF) til Årdalsfjorden. Omlegginga vil òg gjere det mogleg å bruke tynnare tråd i sagene som gjer det mogleg å lage tynnare wafere.

Det skal gjerast forsøk med nye filtreringsløysingar som skal tilpassast den nye sagvæska. Når nytt filtersystem er på plass, vil utsleppet av silisiumspon igjen kome ned på dagens nivå. Det må likevel påreknast eit utviklingsløp som vil ta noko tid. Det vil difor vere naudsynt for NorSun i ein overgangsperiode å sleppe all brukt sagvæske, inklusiv silisiumspon ut i fjorden via eksisterande djupvatnsleidning.

Dei potensielle miljøeffektane av utslepp av suspendert stoff er fare for nedslamming av resipienten. Dette kan påverke den økologiske tilstanden negativt. Utsleppet fram til i dag ser ikkje ut til å ha gjeve nokre negative effektar. Vassovervakinga som vart gjord i Årdalsfjorden i 2015 viste god økologisk tilstand.

Høyringsfrist er 7. oktober 2016. 

Saksdokumenta og skjema for å gje elektronisk tilbakemelding finn du på http://www.miljodirektoratet.no/horing2016-3203

Det er òg mogleg å sende inn høyringskommentarar skriftleg til:

Miljødirektoratet. Postboks 5672 Sluppen, 7485 Trondheim. Vêr venleg og merk brevet med 2016/3203.

Høyringsdokument:

Tips ein ven Skriv ut