Norskkurs for arbeidsinnvardrarar

Årdal kommune ønskjer å starte norskkurs for arbeidsinnvandrarar på bakgrunn av at samfunnet og arbeidslivet stiller strengare krav til norskkunnskapar.

Vaksenopplæringa vil tilby kurs for nybegynnarar og/eller vidarekomne på dag- og/eller kveldstid frå januar til juni 2019, alt etter tal påmelde

Det vil vere mogeleg å avlegge skriftleg og munnleg norskprøve fortløpande etter gjennomført kurs. Ved gjennomført prøve vil kursdeltakaren få eit nasjonalt prøvebevis som dokumenterer språknivå. Prøvebeviset kan nyttast som dokumentasjon dersom ein skal søke vidaregåande opplæring, fagbrevutdanning, høgskule/universitet og/eller arbeid.

Pris undervisning: kr. 6000,-
Pris lærebøker og lisens til undervisning: kr. 1000,-
Oppstart: Januar 2019 (alle påmelde vil få nærare informasjon om dato, dag og klokkeslett)
Kurslengd: januar – mai 2019 (100 timar)
Stad: Sandgota 2, 6885 Årdalstangen (2.etg i Asvo bygget)

Påmeldingsfrist: 04.01.2019

Kontaktinformasjon:
Bindande påmelding pr. e-post til irene.klingenberg@ardal.kommune.no
Ta kontakt for spørsmål, Irene Klingenberg tlf: 459 79 529

Me startar opp kurs med atterhald om at det er nok påmelde (10-15 deltakarar).

Tips ein ven Skriv ut