A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Norskkurs for arbeidsinnvandarar

Årdal kommune vil starte norskkurs for arbeidsinnvandrarar, på ettermiddag/kveldstid. Tilbodet er til arbeidsinnvandrarar og andre som ikkje har rett/ plikt til opplæring.
Påmeldingsfrist: 26.08.2019

Vaksenopplæringa tilbyr følgande kurs:

  • Nybegynnarkurs, A1/A2 nivå, for personar som ønskjer ei grundig innføring i språket. Målet er du raskt skal bli trygg i å bruke språket og greie deg i kvardagssituasjonar.

  • Kurs for vidarekomne, A2/B1 nivå, for personar som kan litt norsk frå før og som ønskjer å styrke og utvikle språknivået. Målet er at du skal bli ein sjølvstendig brukar av språket, både i kvardagen og arbeidslivet.

Alle søkarar vil bli kartlagt ved inntak, slik at opplæringa blir tilpassa etter nivå, behov og framtidsplanar.
Hovudmålet for opplæringa er at kursdeltakarane skal kunne nå eit ferdigheitsnivå i norsk som set dei i stand til å bruke eller bygge vidare på kompetansen dei allereie har i utdanning, arbeid og samfunnslivet elles.

Det vil vere mogeleg å avlegge skriftleg og munnleg norskprøve/eksamen etter gjennomført kurs, slik at ein får eit nasjonalt prøvebevis med resultat over språknivå.

Prøvebeviset kan nyttast som dokumentasjon når ein søker vidaregåande opplæring, høgskule/universitet og/eller jobb.

I følgje regelverket må personar som er frå EFTA/EØS betale for opplæringa, samt læreverk.

Pris undervisning: kr. 5000,-

Pris lærebøker og lisens til undervisning: kr. 1000,-

Oppstart: September 2019  (alle påmelde vil få nærare informasjon om dato, dag og klokkeslett)

Kurslengd: september – desember 2019 med mogelegheit for forlenging januar – juni 2020.

Stad: Sandgota 2, 6885 Årdalstangen (2.etg i Asvo bygget)

Kontaktinformasjon: Bindande påmelding pr. e-post til veronika.bjornerud@ardal.kommune.no

eller irene.klingenberg@ardal.kommune.no, evt tlf: 459 79 529

 Oppstart av kurs vert i veke 36, med atterhald om at det er nok påmelde (10 deltakarar).

Tips ein ven Skriv ut