A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Nøgd ordførar etter co2-kompensasjon

Regjeringa har vedteke å etablere ei CO2-ordning for industrien.
Dette er er gode nyhende seier ordføraren. No reknar han med at Hydro vil modernisere i Årdal.

Det er alt i gang med å etablere eit prosjekt som skal legga til rette for at Hydro utviklar seg i bygda.

Sogn Avis skriv at det no står på viljen og iveren til Hydro. CO2-kompensasjon er det siste Hydro har etterlyst, og no er det på plass.
No kan Hydro få modernisert den reinaste aluminiumsindustrien i verda.

I ei pressemelding frå Statsministerens kontor står det at dei vil etablera CO2-kompensasjonsordninga for industrien for å hindra at norsk industri flytter verksemda si til land med ein mindre aktiv klimapolitikk.

Du kan lese meir om dette i dagens utgåve av Sogn Avis.

 

 

Tips ein ven Skriv ut