A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

No kan du tinge legetime og resept på nett

Legekontoret opnar i dag, 1. november portalen der innbyggarane kan ordne med legetime og resept på nett.

  • 1

Portalen er lagt til rette slik at du kan bestille time av den du har som fastlege evt. turnuslege. Du kan òg bestille reseptar på dine faste medisinar.

All sending gjennom denne sida er kryptert, og melding går direkte til fastlegen din. Ver merksam på at heile innholdet i meldingen blir automatisk lagra i journalen din, det same gjeld svar tilbake. Løysinga er under utvikling så det vil etterkvart komme fleire muligheiter.

Meir informasjon finn du under informasjonssida til legekontoret eller ved å gå inn på knappen "bestill time av fastlegen" på høgre side på kommunen si framside.

 

 

Tips ein ven Skriv ut