A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

No kan du få støtte til dugnadsprosjektet ditt!

- rundt 150 mill kr til dei beste prosjekta me finn, kvart år.

Heile ideen med Gjensidigestiftelsen er å bidra til eit sunnare, tryggare og meir aktivt Norge. Derfor deler me ut rundt 150 mill kr til dei beste prosjekta me finn, kvart år.

Gode døme på lokale tiltak i Møre og Romsdalen som har fått støtte er ma. desse: Utstyr til KRIK Ulsteinvik. Kanoar til barn i Elnesvågen. Syvde og Averøy til gapahuk i turområde. Til Gjersetdalen Villmarksområde på Vatne. Seglbåt til unge i Eresfjord. Ballplass på Røsok, Harøy. Fjellredningsutstyr til Røde Kors-lag i Sykkylven, Ørsta, Volda. Giske Vel til stort aktivitetsområde. Naturmøteplass i Valldal. Gurskøy IL til turløype. Skiskyttaranlegg i Molde. Larsgården idrettspark i Ålesund.

Gode døme på lokale tiltak i Sogn og Fjordane
som har fått støtte er ma. desse: Sørstrand Folkepark i Florø. Nærmiljøanlegg på Bryggja. Balløkke/leikeplass i Vik. Rockeverkstad for ungdom i Eikefjord. Aktivitetsklubb i Innvik og i Refvik, Raudeberg. Osen folkesti, Bygstad. Oktanten i Naustdal. Badestrand Stongfjorden. Turstilys til Risnakken i Selje. Sandvolleyballbane Fimreite.  Gapahuk Farsund, Førde. Aktivitetsanlegg i Brekke.

Gode døme på lokale tiltak i Hordaland som har fått støtte er ma. desse: ”Mekkeklubb” for ungdom på Husnes og i Eikelandsosen. Leikeplass i Sædalshagen og Frekhaugmarka. Ballbinge på Manger. Hengebru Lambevågen i Sveio. Opprusting Lontjørnanlegget i Odda. Naturklatrejungel på Bulken. Sykkelløype Kviteluren, Stord. ”Kvam Musikkliv” i Øystese. Sandvolleyballbane på Totland, Bergen. Gapahuk på Moster og Langøy i Fjell. Musikkprosjektet ”Rock Arna”. ”Kajakk i sentrum”, Puddefjorden.

Gode døme på lokale tiltak i Rogaland som har fått støtte er ma. desse: Skatepark på Kverneland. Turveg ved Stakkestadvatnet. Natur/kulturminneløype i Stavanger. Ungdomsklubben på Sjonar i Tysværvåg. Fredagsklubben på Vikeså. Leikeplassar på Kolnes og i Dalane, Årdal. Gapahuk på Lundsneset i Hundvåg og på Røvær. Flytebrygge på Romsa. Rusfritt ungdomstilbod på Madla. Fritidsklubb i Egersund.


Prosjekta bør vera dugnadsbaserte.
Jo meir dugnad det blir i eit prosjekt, jo større sjanse blir det for å få støtte. - Me som er tillitsvalde i Gjensidigestiftelsen, gjer ein frivillig jobb med å lesa gjennom alle søknadar frå fylket vårt. Dette skjer utover hausten, og dei beste prosjekta får gladmeldinga like før jul. I 2011 fekk me over 600 søknadar her på Vestlandet, og heile 131 prosjekt fekk støtte. Det er gavekomiteen i fylket vårt som prioriterer kva søknadar me meinar skal få støtte. Viss du vil testa ideane dine, så kan du ringja han som har regionansvaret for prosjekta på Vestlandet, Einar Holsvik.

Årets tema, som søkjarane skal forhalda seg til, er "førebyggjande”.
Førebyggjande tiltak me vil prioritera høgt, vil ofte vera for barn og ungdom, men uansett vil dei handla om trygghet og helse for mange. Tiltak som kan gi varig verdi. Derfor gler det oss mykje at fleire og fleire melder seg inn og blir medlemer i nærmiljøorganisasjonar og friluftslivsorganisasjonar. Slike lag arbeider stødig med nett slike ting.

Dette året og neste år blir det skilta over 1000 turløyper i vestlandsfylka. Tavler og skilt i samsvar med ein ny ’nasjonal’ standard blir betalt av fylka og oss. Både myndigheiter og ekspertar meinar at det beste folkehelsetiltaket i landet er å få fleire folk ut på tur. Me vil bidra til å tilretteleggja for at fleire går tur nær der dei bur. I tilknyting til turløyper, spesielt kvardagsturløyper, ynskjer Gjensidigestiftelsen å støtta fleire  prosjekt som kan vera med å styrkja bruken av turløypene rundtom. Dette kan vera t.d. møteplassar med benker, gapahukar, lavvoar, treningsapparat, apejungel, rebusløyper, naturstiar, benker, lys.

Me ynskjer gjerne å støtta eldsjeler og lag som tenkjer litt utradisjonelt. Sjansen for å få støtte til eit prosjekt aukar mykje når ein og gjer greie for korleis ein ynskjer å
-    få med fleire med ansleis kulturbakgrunn,
-    inkludera dei som ofte fell utanfor, som sit heime,
-    løysa oppgåver som krev samspel på tvers av organisasjonar eller bygder og bydelar.

Og me vil gjerne støtta prosjekt som elles ikkje let seg gjennomføra. Så tips alle med gode idear og skapartrong om at dei må setja igong, lesa på nettsida til Gjensidigestiftelsen og vurdera å søkja støtte. No!
 

GJENSIDIGE STIFTELSEN

Einar Holsvik
Regionansvarleg Vestlandet
Mobil: 22968040
Skålagato 38
5470 Rosendal
einar.holsvik@gjensidigestiftelsen.no

Gjensidige Stiftelsen: Postboks 297, 1326 Lysaker, Norge || Telefon 22 96 80 40 || Website www.gjensidigestiftelsen.no
 

Tips ein ven Skriv ut