A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

No brakar det laus med ungdommens kulturmønstring

UKM-LOGO-2013-low-quality_400x128
Lokalmønstringa finn stad i Årdal kulturhus. Sett av laurdag ettermiddag til å få med deg kva dei unge talenta har å by på.

Laurdag 2.mars er det klart for årets runde med UKM-Årdal.

Staden er Årdal kulturhus og tidspunktet er 15.00.
Pris pr. pers kr. 100,-

Billettar kan du kjøpe elektronisk på Årdal kultur si heimeside. Restbillettar vert solgt i døra frå kl.1400.

Det er påmeldt rundt 40 ungdommar, fordelt på 20 sceneinnslag, 20 kunstinnslag og 1 filminnslag.
Det er mest song og musikk, men i år har vi og med to sketjar og to danseinnslag.

Som vanleg har vi store forhåpningar, sett ut frå tidlegare år. Det er erfaringsvis veldig mange gode utøvarar med, så her har vi noko å glede oss til.

Det vil bli ein pause halvveges i programmet og da vil ÅVGS ved klasse 2SSA si ungdomsbedrift, Chillout UB, stå for kafe på eldresenteret. Dei har mykje godt å by på, så løp og kjøp!

Juryen, som består både av vaksne og ungdommar, vil få ein vanskeleg jobb med å plukke ut dei som skal vidare til fylkesmønstringa i Førde 20.-21.april. I år vil den gå over 2 dagar, med 2 førestillingar kvar dag. Nytt av året vert og at kommunane ikkje  får sceneinnslaga samla, men spredt utover alle førestillingane, alt etter type innslag.
Men juryen  skal få litt betre tid til å bestemme seg , så i år vil kunngjeringa av kven som går vidare bli offentleggjort på kommunesidene måndag morgon.
Eit av juryen sine kriterier til utvelging er at dei som vert vidaresendt  i størst mulig grad skal gjenspeile den kulturelle bredden i den enkelte kommune.

Så vi ynskjer juryen og alle utøvarane lykke til!

Vel møtt til ein innhaldsrik laurdag!

Tips ein ven Skriv ut