A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim»Tenester»Helse og omsorg»NAV Årdal

NAV Årdal

NAV Årdal si fremste oppgåve er å gje menneske muligheiter til arbeid, bidra til sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.

Gjennom ulike tenester og stønader skal vi bidra til å betre levekåra for vanskelegstilte, til sosial og økonomisk tryggheit, med mål om at den enkelte får muligheit til å bu og leve sjølvstendig.

Lov om sosiale tjenester i NAV regulerer både individuelle tenester og generelle oppgåver som skal bedre levekåra for vanskeligstilte og bidra til sosial og økonomisk tryggheit. Det betyr at den einskilde får mulighet til å leve og bu sjølvstendig, fremje overgangen til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltakelse i samfunnet. Lova skal og bidra til at utsette barn og unge og deira familiar får eit heilheitlig og samordna tenestetilbud.

Hjå NAV Årdal finn du følgande kommunale tenester:

* Økonomisk råd og rettleiing etter Lov om sosiale tenester i NAV
* Kvalifiseringsprogrammet
* Økonomisk rådgjevingsteneste
* Husbanken -bustønad
  -startlån
  -tilskot til etablering og utbetring
* Midlertidig bustadtilbod
* Flyktningetenesta
* Kommunen si rusteneste/oppfølging 

Tips ein ven Skriv ut