A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Musikkteateret Mathias Orheim

  • 1

Teaterframsyning  laurdag 12. mai kl. 1800

Matias Orheim – med ord, felespel og glasmusikk, av Mette Brantzeg og Norvald Tveit b

To år seinare er det duka for eit kjært gjensyn med Matias Orheim og kona Marie. Det var mest som salmediktar at Matias Orheim (1884-1958) frå Stårheim i Nordfjord fann vegen til hjarta til ein heil generasjon. Han vart blind i ungdomsåra, men reiste likevel rundt i heile landet og forkynte saman med kona Marie. På møta spelte Orheim på fele og glas.

Speletida er 1 time og 15 minutt utan pause.

Billettprisar:
Vaksen kr 240,-
Student/honnør/firdakortet/gruppe (min.5)/BoiVest/Teaterlauget kr 190,-
Scenekort kr 100,-

Billettsal:
Alt sal av billettar er gjennom billettservice og er i sal frå 15. februar.
Her kan publikum kjøpe og reservere billettar på www.billettservice.no, ringe 815 33 133 for å kjøpe/reservere.
Dersom billettane skal sendast til mottakar i posten, så må ein ringe seinast fem virkedagar før framsyninga, og ein får òg kjøpe og hente billettar på alle postkontor og Narvesenkioskar.

Billettavgift på kr 20,- kjem i tillegg til prisane ovanfor.

Regi: Mette Brantzeg
Komponist: Per Janke Jørgensen
Scenografi og kostymedesign: Erik Annar Evensen
Medverkande: Liv-Jorun Bergset og Randi-Merethe Roset (Draup), Frode Rasmussen, Linda Øvrebø, Rolf Prestø, Oddmar Amundsen og Gro Marie Svidal.

Fjordenes Tidende: Vellykka
Firda: Stor innleving og lidenskap.
Vårt Land: Oppbyggelig, hjertelig og informativ.

Følg oss på facebook!
www.softeater.no

 

Tips ein ven Skriv ut