Musikk og kulturskule
Musikkskulen har i fleire år samarbeidd med grunnskulane om musikkprosjekt og tek seg òg av opplæring av aspirantane til skulekorpsa.
Årdal Kommunale Musikk- og Kulturskule starta hausten 1977.
Undervisninga føregår på begge skulane i kommunen:
Farnes skule og Tangen skule.
Tilbod:
Musikk- og Kulturskulen har desse tilboda til opplæring frå og med 3. klasse:
gitar – piano – keyboard – fløyte – klarinett – saxofon – trompet/kornett – horn/baryton/tuba – rock/popband – song/vokal – slagverk/trommer – teikning/maling – trykk/batikk/tekstilkunst og moderne dans/hip-hop.
Vi har og eit musikkterapitilbod til psykisk utviklingshemma, til elevar med særskilte behov og til institusjonar.
Alle barn i 1. og 2. klasse får tilbod om grunnopplæring i SFO-tida, der dei har song, dans og drama og blir presentert for ulike instrument.
Musikk- og Kulturskulen tek seg og av opplæring av aspirantane til skulekorpsa.
Tilboda i musikk- og kulturskulen er primært retta mot barn og unge i Årdal kommune, men om det er plass, kan vaksne og få tilbod.
Samarbeid, konsertar, utstillingar
Musikk- og Kulturskulen har i fleire år samarbeidd med grunnskulen i musikkprosjekt, og samarbeider med jamne mellomrom med lokale lag og organisasjonar om konsertar og andre framsyningar. Musikk-, dans- og songelevane tek gjerne på seg små og store konsert- og framsyningsoppdrag i løpet av skuleåret, og kunstelevane har minst to utstillingar pr. skuleår.
Musikk- og Kulturskulen er finansiert av:
kommunen, staten, elevbetaling og sal av tenester. De finn prisar under ikonet ”anna informasjon”. Klikk på ”betalingssatsar”.
Innmelding
Innmeldingsfrist til vårsemesteret er 15. november og til haustsemesteret 15. juni.
All innmelding må skje skriftleg. Nye elevar vil få beskjed ved skulestart om ein har fått plass på det tilbodet ein har søkt på. Viss ein ikkje har fått plass, vil ein få beskjed om at ein er sett på venteliste.
Utmelding
Dersom eleven ikkje ynskjer å halde fram med undervisninga utover 1 år, må skriftleg utmelding gjevast til kulturskulen innan:
15. nov. for haustesemester, om du skal slutte etter jul
15. mai for vårsemesteret om du skal slutte til sommarferien
Eleven kan ikkje slutte halvvegs i eit påbyrja semester.
All utmelding skal gjerast skriftleg på eige skjema underskrive av foreldre/føresette, og skal leverast til rett frist. Utmeldingsskjema får du hjå læraren din i kulturskulen, på kontoret på skulane, i Tenestetorget eller du finn det på internett.
Om du ikkje held fristane for utmelding, eller om du sluttar midt i eit semester, må du likevel betale full elevkontingent for heile semesteret.
Skjema for innmelding og utmelding finn de på heimesida til kommunen, på skulekontora og på tenestetorget.
