A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim»Tenester»Kultur og fritid»Musikk og kulturskule

Musikk og kulturskule

Kulturskulen i Årdal vart starta hausten 1977 og har tilbod innafor faga musikk og kunst. Vi har og eit musikkterapitilbod til psykisk utviklingshemma, til elevar med særskilte behov og til institusjonar. Musikk- og kulturskulen samarbeidar med korpsa om rekruttering, opplæring, instruksjon og direksjon.
Årdal Danseverkstad som er eit tilbod innafor dansenettverket og kompetansesenteret "Dans Uten Grenser", vert administrert av kulturskulen. 

Tilboda i musikk- og kulturskulen er primært retta mot barn og unge i Årdal kommune, men om det er plass, kan vaksne og få tilbod. Meir informasjon om tilbodet

Søknad og fristar:
Frist for opptak til hausten er 15. juni, men ein kan søke på tilbod i kulturskulen gjennom heile året, og ein får tilbydd plass så snart det er ledig. Ventelister vert organisert etter innmeldingsdato.
Eleven må fullføre eit påbegynt semester. Skal ein slutte etter nyttår, er utmeldingsfristen 15. november. Skal ein slutte til sommaren, er utmeldingsfristen 15. mai. All utmelding skal skje skriftleg eller via elevprofilen i SpeedAdmin.

Påmeldingsskjema 

 

Samarbeid, konsertar, utstillingar
Musikk- og kulturskulen har i fleire år samarbeidd med grunnskulen i musikkprosjekt, og samarbeider med jamne mellomrom med lokale lag og organisasjonar om konsertar og andre framsyningar. Musikk-, dans- og songelevane tek gjerne på seg små og store konsert- og framsyningsoppdrag i løpet av skuleåret, og kunstelevane har minst to utstillingar pr. skuleår.

Undervisninga føregår på begge skulane; Farnes skule og Tangen skule.
 
Prisar

Tips ein ven Skriv ut