A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Miljøterapeutar - Bu og Miljøtenesta

Ledig stilling

Me har ledig i Grandane bufellsskap.

1 x 75,5% vikariat frå 02.05.18 t.o.m 20.08.19, verna bustad
1 x 89% fast stilling frå 01.04.18 , avlastningstiltak

Søknadsfrist 26.02.18.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus.
I verna bustad er det f.t. 12,5 timars dagvakter og 12 timars nattevakter.
I avlastningstiltaket er det turnus med utvida arbeidstid. Turnus har vakter på inntil 72 timar på helg.

Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig anna stillingsprosent. Skriv i søknaden om du eventuelt vil vurderast.

Arbeidsoppgåver
Grandane bufellesskap er eit forsterka bufellesskap med fleire bueiningar, der arbeidet består i miljøarbeid med brukarar, og bistand til dagleglivets gjeremål.
I avlastningbustaden arbeider teamet rundt ein brukar som har behov for tenester. Arbeidsoppgåvene er å gje pleie og omsorg i alle daglege gjeremål når brukar er i avlastning. Brukar deltek på ulike fritidsaktivitetar. 
Vi søkjer personar som likar å vere i fysisk aktivitet.

Kvalifikasjonskrav
Fortrinnsvis vernepleiar, men andre med relevant 3-årig høgskuleutdanning kan og søkje. Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid vil verte føretrekt.

Personlege eigenskapar
Den me søkjer etter må :
- vere positiv, fleksibel, sjølvstendig, like å arbeide åleine og i team.
- vere god på kommunikasjon, også den utan ord.
- ha gode evner til å følgje instruksar, prosedyrar og dokumentere desse.
- takle akutte situasjonar og skape ro i situasjonen.
- arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan.
- like å vere ute og vere i fysisk aktivitet.
- ha gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg.
- ha sertifikat, og skal vere sjåfør for brukar.
- ha evne og vilje til tett samarbeid med pårørande.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Menn vert oppmoda om å søkje.

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Politiattest vil verte krevd.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på
tlf: 57665000.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Camilla Vee verna bustader Grandane mobil: 99107997, camilla.vee@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut