A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Miljøterapeut - 90% vikariat

Ledig stilling

Me har ledig 90% vikariat som miljøterapeut i bu- og miljøtenesta i tida 01.05.18 - 01.05.19, for tida Øvstetunshagen verna bustad.
Det er 3 - delt turnus med til ei kvar tid gjeldande turnus, for tida arbeid kvar 3. helg.
Søknadsfrist 26.02.2018   

Kvalifikasjonskrav
Fortrinnsvis autorisasjon som vernepleiar, men andre med 3-årig helsefagleg utdanning kan også søkje.

Personlege eigenskapar
Den me søkjer etter må:
- vere positiv, fleksibel, sjølvstendig.
- vere god på kommunikasjon, også den utan ord.
- ha gode evner til å følgje instruksar, prosedyrar og dokumentere desse.
- arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan.
- ha gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Politiattest vil verte krevd.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på
tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Jorunn Smedegård, Milljøterapeut/avdelingsleiar, mobil: 97518688, jorunn.smedegard@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut