A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Miljøterapeutar

Søknadsfrist: 24.09.18

Ledig stilling

Me har ledig

Grandane bufellesskap
1 x 100 % svangerskapsvikariat frå snarast til og med 01.10.19
1 x 100 % fast stilling frå snarast

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Tiltaka har turnusordningar med utvida arbeidstid f.t. 13 timars dagvakter og 11 timars nattevakter, med arbeid kvar 3. helg. Enkelte dagar jobbar ein normal arbeidstid på 7 timar.

Arbeidsoppgåver
Grandane bufellesskap er eit forsterka bufellesskap med fleire bueiningar. Arbeidsoppgåver er dagleg omsorg og miljøterapeutisk arbeid i tenesta til den enkelte. Den som vert tilsett skal tilretteleggje og delta i bebuarane sine aktivitetar, både arbeid og fritid/fysisk aktivitet.

Arbeidet består også av praktiske gjeremål i bustad og andre oppgåver delegert frå leiar.

Kvalifikasjonskrav
Høgskuleutdanning innan helse og sosialfag. Fortrinnsvis autorisert vernepleiar, men og andre med pedagogisk og relevant høgskuleutdanning kan søkje. Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid, tvang og makt, samt erfaring med utagering vil verte føretrekt.

Personlege eigenskapar
- positiv, fleksibel, sjølvstendig, like å arbeide åleine og i team.
- god på kommunikasjon, også den utan ord.
- gode evner til å følge instruksar, prosedyrar og dokumentere desse.
- takle akutte situasjonar og skape ro i situasjonen.
- arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan.
- like å vere ute og vere i fysisk aktivitet.
- gode ferdigheitar i norsk, både skriftleg og munnleg.
-ha kjennskap til helse og omsorgstenestelova Kap 9
- ha evne og vilje til å samarbeide med pårørande og andre instansar
- ha sertifikat, og skal vere sjåfør for brukar
- engasjement for brukargruppa

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Menn vert oppmoda om å søkje.

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Politiattest vil verte krevd.

Andre opplysningar
Det er ein fordel å ha jobba etter åtferds terapeutiske tilnærmingar.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Marita Opheim, Leiar for bu- og miljøtenesta, mobil: 90807056, marita.opheim@ardal.kommune.no
Camilla Vee, Leiar for forsterka bufellesskap, mobil: 99 10 79 97, camilla.vee@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut