A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Melding frå publikum via nettet

Kommunen legg no til rette for meldingar via heimesida.

Det er no lagt ut ei eiga løysing for innbyggarane der de kan melde frå om saker til kommunen via heimesida.

Løysinga heiter "mitt nabolag" og denne finn de i hurtigmenyen til høgre på heimesida.

Her kan de melde inn saker som t.d. gjeld:

  • vegar
  • gatelys
  • vatn og avlaup
  • park
  • renovasjon

Meldingane vert fordelt til rette mottakar internt i kommunen og de kan følgje status på saka på nettet.

Me jobbar no med å få inn alle vegane i kommunen sånn at meldinga kan knyttast direkte i kartet.

Ver merksam på at meldinga du legg inn vert offentleg publisert på nettet. Meldingar med sensitivt innhald må derfor ikkje leggast inn her, men sendast til kommunen i vanleg post.

 

Tips ein ven Skriv ut