Mekling

Konfliktråd
-Har du ein konflikt du ønskjer hjelp til å løyse?

Konfliktrådet er eit tilbod til deg som er involvert i ein konflikt eller eit straffbart forhold. Det er for både sivile saker og straffesaker.

Straffesaker frå politiet som blir løyste i konfliktrådet, blir ikkje registrerte på den ordinære politiattesten.

Døme på sakstypar som konfliktrådet handsamar:

  • Hærverk
  • Innbrot
  • Tjuveri, naskeri
  • Lekamskrenking
  • Mobbing
  • Æreskrening
  • Truslar
  • Nabokonflikter
  • Konflikter mellom leigar/utleigar
  • Konflikter på arbeidsplassen
  • Familiekonflikter


Meklaren har teieplikt
Ein upartisk meklar legg til rette for eit møte mellom dei konflikten gjeld, der ein har som mål å løyse konflikten. Meklarane i konfliktrådet har kompetanse i konflikthandtering, men gjev ikkje juridisk hjelp. I dei fleste meklingssaker blir partane samde. Du kan avtale med meklaren at du har med deg ein støtteperson når du kjem til meklinga. Unge under 18 år møter vanlegvis med føresette. Partane kan ikkje møte med advokat.

Tilbodet er gratis og frivillig, og du kan sjølv ta direkte kontakt med ditt konfliktråd.

Leiar for konfliktrådet Sogn og Fjordane, Laila Oppedal, kan du treffe via tlf. nr 22032686 frå kl. 08.00- 15.30. eller via epostadr.; sognogfjordane@konfliktraadet.no
Rådgivar i konfliktrådet, Bjarte Hauge, kan du treffe via tlf. nr 22032688

Konfliktrådet i Sogn og Fjordane held til i Storehagen 1, i Førde.

Kontoret dekkjer det same området som Sogn og Fjordane politidistrikt. Det vil seie 24 kommunar i Sogn og Fjordane: Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Eid, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gloppen, Hornindal, Hyllestad, Høyanger, Jølster, Leikanger, Luster, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Stryn, Vik, Vågsøy, Årdal, og 1 kommune i Møre og Romsdal: Vanylven

Nettside: www.konfliktraadet.no

Kontakt oss

Sentralbordet Rådhuset
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15

Sentralbordet Rådhuset
Opningstider:
1. sept - 9. mai kl. 07.30 - 15.30
Sommartid:
10. mai - 31. aug kl. 07.30 - 15.00

Besøk og postadresse:
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen
E-post

Organisasjonsnummer
954679721

Web levert av CustomPublish AS