A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Medarbeidar personalstab og tenestetorg - 100 % stilling

Ledig stilling

Ledig 100 % stilling med arbeidsoppgåver i personalstab og tenestetorg. Pr. idag er stillinga fordelt likt mellom fagområda.
Søknadsfrist 02.01.2018.

 

Arbeidsoppgåver 
Tenestetorget sine oppgåver er knytt til publikumsmottak, utvikling og drift av kommunen si informasjonsteneste og 
webløysing. Det er to tilsette i tenestetorget.
Personalstaben skal gje støtte i saker som er knytt opp mot kommunen sin personalpolitikk. Arbeidsoppgåvene i 
stillinga er mellom anna rekruttering, introduksjon av nytilsette, Ia-arbeid inkl. bedrifts intern attføring, fråversregistrering 
og rapportering, rådgjeving og tolking av personalreglement, sentralt lov og avtaleverk, bruk og vedlikehald av og 
personalsystemet, ansvar for personalarkiv. Staben har 3 tilsette, inklusivt leiar.
 
Kvalifikasjonskrav
Me søkjer etter ein motivert og engasjert medarbeidar med relevant fag-/høgskuleutdanning og/eller relevant erfaring. 
Me kjem til å vektlegge at du er samarbeids- og serviceorientert, at du kan vere fleksibel og jobbar strukturert.
Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Det er viktig med god IT kunnskap. Kjennskap til relevant lov- og regelverk, samt erfaring frå offentlig forvaltning kan vere
ein fordel, men ikkje absolutt. Det vil bli gjeve opplæring.
 
Løn og tilsetjingsvilkår
Løn etter avtale. 
Kommunen har ei god offentleg tariffesta tenestepensjon. Den tilsette sitt bidrag er 2 % av løn, arbeidgjevar yter resten.
Pensjonsordninga gjev òg rett til uføre- ektefelle- og barnepensjon. I tillegg har kommunen personforsikring for 
yrkesskade, yrkesulykke og gruppeliv.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Me tilbyr
Kommunen får i åra framover store endringar med mellom anna  digitalisering av arbeidsoppgåver, det vil difor vere ei 
teneste  i utvikling.
Ein arbeidsplass med muligheit for varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Kjekke medarbeidarar med lang erfaring 
og god kompetanse. 
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg 
deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt 
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
 
Søknadsfrist 02.01.2018.
 
Kontaktperson
Elin Heen, Leiar personalstaben, mobil: 91 58 84 89, elin.heen@ardal.kommune.no
Laila Røneid, Leiar tenestetorg/sentralarkiv, mobil: 95277145, laila.roneid@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut