Medarbeidar i personalstab

Ledig stilling

Me har ledig 100 % stilling som medarbeidar i personalstaben. Søknadsfrist 10.05.2019.

Arbeidsoppgåver
Personalstaben skal gje støtte i saker som er knytt opp mot kommunen sin personalpolitikk. Det er i hovudsak merkantile arbeidsoppgåver relatert til rekrutteringsprosessen, fråver og ferierapportering, introduksjon av nytilsette, rådgjeving og tolking av personalreglement, sentralt lov og avtaleverk og bruk og vedlikehald av personalsystemet og arkivet.
Digitalisering av ulike oppgåver gjer at kontrollfunksjonen i større grad vert viktig framover.
Staben har 3 tilsette inklusivt leiar.
 
Kvalifikasjonskrav
Me søkjer etter ein motivert og engasjert medarbeidar med relevant fag-/høgskuleutdanning og/eller relevant erfaring.
Du må like merkantilt arbeid og ha evne til å jobbe strukturert og nøyaktig.  Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Arbeidet krev god IT kunnskap, vilje og evne til å setje seg inn i endringar i programvarer og system.
Kjennskap til relevant lov- og regelverk, samt erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel.
 
Løn og tilsetjingsvilkår
Løn etter avtale.
Kommunen har ein god offentleg tariffesta tenestepensjon. Den tilsette sitt bidrag er 2 % av løn, arbeidsgjevar yter 
resten. 
Pensjonsordninga gjev òg rett til uføre, ektefelle og barnepensjon. I tillegg har kommunen personforsirking for yrkesskade, yrkesulykke og gruppeliv.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 10.05.2019
 
Kontaktperson
Elin Heen, Leiar personalstaben, mobil: 91 58 84 89, elin.heen@ardal.kommune.no
Svein Arve Grindhaug, tlf: 91366629, svein.grindhaug@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut