Matombringing

Føremålet med tenesta
At brukaren opprettheld eit tilfredstillande kosthald i det daglege.

Kven får tenesta
Målgruppa for matombring er menneske som på grunn av alder, sjukdom eller funksjonshemming treng hjelp til å oppretthalde eit tilfredsstillande kosthald i det daglege.

Korleis få tenesta
Tenestetorget/kommunehjørna har søknadsskjema.
Ein kan også få søknadsskjema ved Årdal sjukeheim og Årdal bu – og omsorgssenter.
Søknadsskjema er lagt ut på Internett.
Søknad skal sendast på eige skjema. Alle søknader vert vurdert med eit heimebesøk.
 
Kva  omfattar tenesta
Utlevering av middag til heimebuande brukarar.
 
Forpliktingar for brukar
Gje beskjed i god tid dersom du ikkje skal ha middagsombringing.
 
Pris/kostnad/tilskotsordningar
Sjå betalingsatsar under sjølvhjelp.

Heimelsgrunnlag for tenesta
Lov om sosiale tenester §§4-3 og 4-2a
Forvaltningslova

Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje får den tenesta du har krav på i følgje vedtaket, kan du ta kontakt med kjøkkensjefen på tlf. 57 66 52 47.

Klage
Finn du grunn til å klage på vedtaket, ta kontakt med leiar for heimesjukpleia tlf. 57 66 50 82.
Her får du råd og rettleiing.
 
Brosjyrar, anna/meir informasjon
Du kan finna informasjon på Årdal kommune si heimeside.
 
Praktiske opplysningar
Kjøkkensjef ved Produksjonskjøkken: tlf. 57 66 52 47
Avdelingssjukepleiar, Sone 1 (ÅBO): tlf 57 66 54 44
Avdelingssjukepleiar, Sone 2 (Øvre Årdal): tlf. 57 66 54 53
Avdelingssjukepleiar, Sone 3 (Årdalstangen): tlf. 57 66 52 56

Kontakt oss

Sentralbordet Rådhuset
Telefon 57 66 50 00
Fax 57 66 50 15

Sentralbordet Rådhuset
Opningstider:
1. sept - 9. mai kl. 07.30 - 15.30
Sommartid:
10. mai - 31. aug kl. 07.30 - 15.00

Besøksadresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Årdal kommune
Postboks 40
6881 Årdalstangen
postmottak@ardal.kommune.no

Organisasjonsnummer
954679721

Web levert av CustomPublish AS