A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Manuell dirigering av vegar grunna filminnspeling

I veke 20 og 21 er Miso Film tilbake og skal filma dei siste episodane av serien "Frikjent 2".


  • 1

I samband med filminnspelinga vert det manuell dirigering av trafikk nokre dagar i veke 20 og 21:

Onsdag 18. mai i tida kl. 1700 - 2100, blir det opptak ved Norsun på Årdalstangen.

Fredag 20. mai i tida kl. 0900 - 1800, opptak på Årdalstangen ved friluftsbadet, gamle festplassen, torget nede på kaien og ved øvste gangbrui (gamle jernbanebrui ved blokkene/Årdalsvatnet).

Fredag 27. mai i tida kl. 0800 - 1500, opptak i Øvre Årdal ved Gamleskulen.

Dei andre dagane held dei på med filming på fjellet og andre plassar rundt i bygdi.

Tips ein ven Skriv ut