A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Manheller ferjekai blir stengt i to netter

Ferje

To netter i veke 21 vil ferja gå mellom Fodnes og Kaupanger på grunn av vedlikehaldsarbeid på Mannheller ferjekai. Avgangane mellom kl. 23:00 tysdag 22. mai og kl. 05:00 onsdag 23. mai, og kl. 23.00 onsdag 23. mai og kl. 05.00 torsdag 24. mai vert kansellert. Siste avgang frå Mannheller klokka 23:00 begge dagar.

Ferja vil gå Fodnes-Kaupanger i tida Mannheller ferjekai er stengt etter dette rutemønsteret: 
Avgang Fodnes til Kaupanger: 23:25 – 01:00 – 02:30 – 04:30.
Avgang frå Kaupanger til Fodnes: 00:15 – 01:45 – 03:15. Det vert normal rute frå Fodnes klokka 04:30 til Mannheller.

Det er i same tidsrommet planar om arbeid i Amlatunnelen som ligg inne i same området for rutestenging.

Omkøyring vert varsla på Kaupanger, på vegvesenet sine nettsider og Fjord1 sine nettsider samt sms-varsling.

Tips ein ven Skriv ut