A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Manglar du valkort

Valkort i retur

Alle veljarar får tilsendt valkort til Stortings- og sametingsvalet, men allereie no har kommunen fått ein god del i retur.

Valkorta blir sendt til den adressa som er registrert i folkeregisteret. Har du flytta utan å melda frå til folkeregisteret er dette grunnen til at du ikkje får valkort i posten.
På valkortet finn du mellom anna opplysning om vallokalet og opningstida på valdagen.

Me samlar dei valkorta som kjem i retur på Tenestetorget. Ta kontakt på tlf 57665000 eller på epost val@ardal.kommune.no dersom du manglar kortet og ynskjer det tilsendt. 

Har du fått valkort så ta det med når du skal røyste, det vil letta arbeidet til røystemottakaren.

Du kan gje di røyst sjølv om du ikkje har valkort. 

NB! Hugs legitimasjon når du skal røyste både for førehandsrøysting og på valdagen.

Førehandsrøysting i Årdal.

Tips ein ven Skriv ut