A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Lyst til å vera veterinær i Sogn?

Søknadsfrist 15. november

horse-dog-pig-animals

Det er ledig stilling som vetrinær til vaktdistrikt Årdal, Lærdal og Aurland

Kommunane har ansvar for å organisere ei klinisk veterinærvakt. Ordninga med veterinærvakt er etablert i høve lov av 15. juni 2001 nr 75 om veterinærar og anna dyrehelsepersonell §3a.

For vaktdistrikt Årdal, Lærdal og Aurland ligg det føre ein kontraktsperiode frå 01.01.2018 - 31.12.2021. Me har tredelt vakt.

Til denne vakta treng me ny veterinær. Me startar opp frå 01.01.2020.

Om vaktdistriktet

Me har ein god del småfe - sau og geit, nokre storfebesetningar og kjæledyr som treng behandling i vakttida. Det er sesongbasert arbeidsoppgåver med travel lamming, roleg sommar og inseminsering av storfe vinterstid.

Vaktdistriktet kan tilby kommunal støtte til vakt på dagtid, og felles kontorlokale med nødvendigt utstyr. Me vil og hjelpe til med å skaffa bustad.

Vertskommunen Lærdal ligg vakkert til innerst i Sognefjorden. For friluftsinteresserte er det eit ypparleg utgangspunkt for fantastiske naturopplevingar, både sommar som vinter. Med jakt, fiske, skisport, fjellvandring, fjellklatring og padling. Kommuen har og eit rikt kulturtilbod, med aktive lag og organisasjonar.

Dersom du har lyst til å komma til Lærdal og delta i veterinærvakta, ber me om at du melde di interesse snarast og innan 15. november 2019. For meir informasjon ta kontakt med landbrukssjef Magnhild Aspevik på telefon 57 64 12 00 eller på e-piost til post@laerdal.kommune.no
Veterinær Ingrid Hval kan og kontaktast på mobil: 901 08 469

Kontaktinformasjon:
Lærdal kommune, Postboks 86, 6886 LÆRDAL
Telefon: 57 64 12 00
E-post: post@laerdal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut