A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Lokale tiltak for Årdal per 4. januar - covid 19

Korona viruset_225x155

Kommunal kriseleiing har i dag 4. januar, hatt møte med grunnlag i nye nasjonale føringar i samband med korona.

Det er innført ei rekke nasjonale tiltak og det får følgjande konsekvensar lokalt i Årdal: 
All organisert aktivitet vert stoppa og alle kommunale bygg vert stengt for all aktivitet etter skuletid. Dette gjeld mellom anna:

Kulturhus
Idrettshallar inkl. styrkerom
Gymsalar
Turnhall
 
I tillegg vert alle gruppebaserte øvingar i kommunale bygg stoppa. 

Kommunale utandørs anlegg
Årdal kommune sine anlegg for utandørs aktivitet vert haldne opne og det kan gjennomførast organisert trening etter gjeldande retningslinjer for smittevern. All aktivitet må avtalast med Frank Runar Øren på FDV/Idrett og kultur på tlf 91747875. 
 
Institusjonar
Institusjonane vert haldne opne, men me oppmodar pårørande og andre om å avgrense besøk dei neste 14 dagane. Me ber og om at dei som har vore på besøk i områder med høgt smittepress eller har hatt besøk frå desse områda, om å vente i 10 dagar før dei besøker institusjonane.  
 
Rådhuset
Rådhuset vert ikkje stengt, men me opprettheld rutine om at møtepunkt må avtalast.
 
Kino vert halde open.
 
Ungdomsklubb, tysdagsklubb, dagsentertilbod, gruppetilbod med meir i kommunal regi vert stengt dei neste 14 dagane.
 
Skjenkestopp
Alle skjenkestader i Årdal får, i samsvar med nasjonale føringar, krav om skjenkestopp. 

Vaksinering
Årdal kommune får tilsendt dei første dosane med vaksine i veke 1 og det vert starta vaksinering på sjukeheimane. 

Lokal informasjonstelefon
Informasjonstelefonen, telefonnummer 901 11 630, er open måndag til og med fredag frå kl. 08.00 - 15.30.