A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ljoteli blir heilt stengt frå veke 48

Det er no bestemt at fv 53 blir heilt stengt i Ljoteli, mellom Øvre Årdal og Holsbru, frå måndag 25. november til og med søndag 15. desember.

Utgangspunktet er at det blir arbeid alle dager og at vegen ikkje vil være open i denne perioden. Skulle det bli større endringar rundt dette så vil vegvesenet informere fortløpande.

Vegvesenet kjem med pressemelding truleg i neste veke.

Hald deg oppdatert om vegstrekninga Ljoteli - Holsbru, ved å gå inn på vegvesenet sine heimesider.