A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Leige av idrettsanlegg hausten 2011 og våren 2012

Leiga omfattar Årdalshallen, Tangenhallen, kunstgrasbaner og symjehallen i Årdalshallen.

Symjehallen er open for leige til lag og organisasjonar måndag, onsdag, torsdag og fredag kl. 15.00 til 16.45 og tysdag kl. 15.00 til 21.00.

Det kan også være holtimar på dagtid der skulane ikkje nyttar hallen. Idrettshallane har ordinær opningstid kvardagar kl. 15.00 til 22.00.
I tillegg er det høve til å leige laurdag/søndag dersom det ikkje vert kollisjon med kampar eller anna konkurranseaktivitet.

Kommunen tildeler rammer, og det er idrettslaga sjølv som set opp timefordeling mellom gruppene.
Når det gjeld bedriftsidrettslaga tildeler kommunen timar om lag som tidlegare.
Søknaden skal utformast på eige skjema som kan fåast ved å vende seg til Tenestetorget på Årdalstangen, tlf 57 66 50 00, eller til idrettskonsulent på tlf 57665370/90636002. 

Søknadsskjema finn de på framsida under menyvalet Sjølvhjelp, elektroniske skjema, lokaler og anlegg 

Søknadsfrist 15. juni 2011.

Tips ein ven Skriv ut