Ledige stillingar

Er du på utkikk etter jobb i Årdal? Den kommunale verksemda er den største og mest varierte serviceorganisasjonen i kommunen. Årdal kommune har i dag omlag 600 fast tilsette innanfor viktige tenester som skule, helse, barnehage, omsorg, kultur og ulike tekniske tenester.

Kart Årdal, Lærdal og Aurland
Kart Årdal, Lærdal og Aurland
 
 

Årdal kommune er ei mangfaldig verksemd med ulike arbeidsstader og yrkesgrupper. Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver byr på ein spennande kvardag for dei tilsette.

Me ynskjer oss medarbeidarar som har gode samarbeidsevner, har vilje til å ”stå på” og eigenskapar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Årdal kommune har eiga bedriftshytte for tilsette, gode høve for etter- og vidareutdanning og gunstige stipendordningar.

Du finn òg oversikt over ledige stillingar i Lærdal kommune og Aurland kommune da dette er eit naturleg bu- og arbeidsområde i denne regionen.

Viss du er førstegangssøkjar må du registrere deg for å få opprette brukarnamn og passord. Har du søkt stilling i kommunen tidlegare så kan du nytte "glemt passord" funksjonen.

Interne stillingar
Interne stillingar vert lyst ut i eigen stillingsoversikt. Tilsette som ynskjer å søkje på desse, må logge inn på rekrutteringssystemet via "innlogging for tilsette". Det er viktig at du har meldt inn epostadresse til personal sånn at denne er registrert i systemet. Da kan du nytte "glemt passord" funksjonen viss du ikkje hugsar korleis du skal logge inn. Du vil då få ei melding på eposten din. NB! som tilsett i kommunen skal du ikkje opprette deg som ny brukar av systemet.

Oversikt over ledige stillingar i Årdal kommune:

Ingen ledige

Oversikt over ledige stillingar i Lærdal kommune:

Ingen ledige

Oversikt over ledige stillingar i Aurland kommune:

Oversikt over ledige stillingar i Vik kommune:

Ingen ledige

Web levert av CustomPublish AS