Ledige stillingar - sjukepleiarar

Søknadsfrist 06.01.20

Ledig stilling
Me har ledig
 
Heimesjukepleien Øvre:
1 x 86 % fast stilling frå 01.02.2020.
Ein må vera både i utesona og inne på ÅBO. 
Den tilsette må ha førarkort for bil. 
 
Årdal sjukeheim, pleie 1/sone 3:
1 x 100 % fast stilling frå snarast og
1 x 100 % vikariat frå snarast.
Stillingane er på ein kombinert avdeling der ein er både inne på sjukeheimsavdelinga og ute i heimesjukepleien.
Den tilsette må ha førarkort for bil.
 
Årdal sjukeheim:
1 x 100 % fast stilling frå snarast.
 
Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som sjukepleiar.
 
Personlege eigenskapar
Dei som vert tilsett må like variasjon i arbeidet, kunne arbeide godt sjølvstendig og i saman med andre.
Du må vere fleksibel og systematisk og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Du må beherske norsk godt både muntleg og skriftleg.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter stillingskode 7174  med for tida lønsplassering frå kr 410.000,- til kr 505.000,-
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune. Du må levere politiattest før du tek til i stillinga.
Det er turnus med arbeid 3 av 8 helgar.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg 
deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt 
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
 
Kontaktperson
Hilda Nese, Tenesteleiar for institusjonar / heimetenester, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no