Ledige stillingar - sjåfør/spesialarbeidar/fagarbeidar i tekniske tenester.

Renovasjons bil

Me har ledig 100% stilling som sjåfør/spesialarbeidar/fagarbeidar i tekniske tenester, utedrift.
Stillingen er ledig f.o.m. 01.08.2016.
Søknadsfrist 06.06.2016.

Arbeidsoppgåver
Teknsike tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehold av kommunale vegar, grøntanlegg, leikeplassar,
kyrkjegardar, vassforsyning, avløp og renovasjon.
Den som vert tilsett kan i periodar bli tildelt arbeidsoppgåver innafor heile tenesteområdet.
Denne stillingene har arbeidsoppgåvene i hovudsak innafor utedrift vegvedlikehold og brøytevakt i vintersesongen.

Ved interne rokkeringar kan det bli ledig anna stilling innafor tekniske tenester.
Skriv og om det kan vere av interesse.

Kvalifikasjonskrav
Førarkort klasse C.
Utdanning og/eller erfaring innan bygg og anleggsfag er ei føremon.

Personlege eigenskapar
Personlige eigenskapar vil verte vektlagte og me søkjer etter;
ein person som er serviceinnstilt, syner engasjement og vera med å fremma til eitt godt samarbeid og sjå gode
løysingar.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillingen er løna etter avtaleverket, der utdanning og praksis vil verta lagt til grunn.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar i høgre meny.
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg
deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 61.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist    06.06.2016.

Kontaktperson
Bjørn Indrebø, mobil: 95891730, BIN@ardal.kommune.no
Sven Erik Jevnaker, Oppsynsmann, mobil: 95989343, sven.erik.jevnaker@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut