A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledige stillingar på skulane

Søknadsfrist: 11. april

Ledig stilling

Me har ledig
2 * 100% stillingar som personlig assistent som skal arbeide med elevar med særskilde behov.
Desse 2 stillingane er ledig med tiltreding snarast råd.

F.o.m. nytt skuleår 01.08.19 er det og ledig:
stillingar som lærarar og assistentar både faste stillingar og vikariat.

Arbeidsoppgåver
Som assistentar vil arbeidet vera i team, og nokon av dei vil vera for elevar med særskilde behov.
Assistent stillingane kan vere både på skule og i SFO.

Arbeidsoppgåvene for lærarane kan vere knytt til alle steg i grunnskulen

Kvalifikasjonskrav
Til stillingane som personlige assistentar søkjer me etter personar med utdanning som vernepleiar eller førskulelærar/eller anna pedagogisk utdanning og fagarbeidarar, men søkjarar med anna relevant utdanning og praksis kan og søkje.

Til stillingane som lærarar må ein ha godkjend lærarutdanning, jfr. Forskrift til opplæringslova kap. 14. Me søkjer etter lærar med allmenne fag.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

Me oppfordrar menn til å søkje.

Dei som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest.

Personlege eigenskapar
me ser etter personar som er utadvendt og syner god relasjonskompetanse.
Vere løysingsorientert, takle uventa utfordringar samt vere ein bidragsytar i teamarbeidet.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillingane vert løna etter HTA, og vert vurderte utifrå utdanning og ansiennitet.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Per Kristian Pedersen, Rektor, mobil: 90701139, Per.Kristian.Pedersen@ardal.kommune.no
Jan Kåre Stedje, Rektor, mobil: 91358017, jan.kare.stedje@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut