A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledige stillingar på skulane

                 

Me har ledig
Det vert ledige faste og vikarstillingar i grunnskulen i Årdal kommune frå 01.08.2017.

Årdal kommune har 2 grunnskular:
Farnes skule i Øvre Årdal  og Tangen skule på Årdalstangen

Begge skulane har ledige lærarstillingar f.o.m. skuleåret 2017-2018.

Tangen skule har òg ledig ei stilling som assistent/fagarbeidar.

Arbeidsoppgåver

Stillingane som lærar har arbeidsoppgåver knytt til undervisning både på barnesteget og ungdomssteget.

Stillingen som assistent / fagarbeidar er arbeid med elevar som har trong for ekstra hjelp i kvardagen.

Kvalifikasjonskrav
For undervisningsstillingar er det krav om godkjent lærarutdanning ihht. Forskrift til opplæringslova
Kap. 14, og me søkjer etter lærarar med allmenne fag, og i ein  av stillingane er det  krav om tilleggsutdanning i
spesialpedagogikk. 

For assistenr/fagarbeidar er det ei føremon med erfaring frå arbeidsoppgåver knytt til alle steg i grunnskulen.

Me oppfordrar menn til å søkje, både på stillingane knytt til undervisning og til stillingen som assistent/fagarbeidar.

Dei som vert tilsett må kunne legga fram godkjent politiattest av nyare dato.

Personlege eigenskapar som gode samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar vil verte vektlagte.

Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.

For nytilsette i Årdal kommune er det ei prøvetid på 6 månadar

Me tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.
- løns- og arbeidsvilkår ifl. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar.
- gode pensjon- og forsikringsordningar (2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon)

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist    18.04.2017                                

Kontaktperson
Jan Kåre Stedje, Rektor, tlf: 57665263, mobil: 91358017, jkst@ardal.kommune.no
Per Kristian Pedersen, Rektor, tlf: 57665310, mobil: 90701139, Per.Kristian.Pedersen@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut