Ledige stillingar - Miljøterapeutar

Ledig stilling

Det er ledig to stillingar som Miljøterapeut i Bu- og omsorgstenesta.
Søknadsfrist er 6. februar 2017.

 Me har ledig to stillingar som Miljøterapeut i Grandane bufellesskap:
1 x 98% vikariat som miljøterapeut i tida 01.05.17 t.o.m. 20.08.18, avlastningstiltaket
1 x 100% vikariat som miljøterapeut frå snarast t.o.m. 09.04.18, verna bustad

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus.
I verna bustad er det f.t. 13 timars dagvakter og 11 timars nattevakter.
I avlastningstiltaka er det medleverturnus og turnus med utvida arbeidstid. Turnus har vakter på inntil 72 timar på helg.

Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig anna stillingsprosent. Skriv i søknaden om du eventuelt vil vurderast.

Arbeidsoppgåver
Grandane bufellesskap er eit forsterka bufellesskap med fleire bueiningar, der arbeidet består i miljøarbeid med
brukarar, og bistand til dagleglivets gjeremål.

Kvalifikasjonskrav
Fortrinnsvis vernepleiar, men og andre med pedagogisk og relevant høgskuleutdanning kan søkje. Søkjarar som har
erfaring med liknande arbeid, tvang og makt, samt erfaring med utagering vil verte føretrekt.

Personlege eigenskapar
Den me søkjer etter må:

- vere positiv, fleksibel, sjølvstendig, like å arbeide åleine og i team.
- vere god på kommunikasjon, også den utan ord.
- ha gode evner til å følge instruksar, prosedyrar og dokumentere desse.
- takle akutte situasjonar og skape ro i situasjonen.
- arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan.
- vere sporty og aktiv i ulike idrettar, like å vere ute og vere i fysisk aktivitet.
- ha gode ferdigheitar i norsk, både skriftleg og munnleg.
- ha sertifikat og meistre å køyre stor bil.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Menn vert oppmoda om å søkje.

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
I verna bustad er det ei ekstra godtgjersle hos denne brukaren på kr. 18.000,- pr. år.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Politiattest vil verte krevd.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Utlyst dato        20.01.2017                          

Kontaktperson
Camilla Vee, Leiar verna bustader Grandane, mobil: 99 10 79 97, camilla.vee@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut