A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledige stillingar: Miljøarbeidarar og miljøterapeutar

Søknadsfrist 14.01.19

Ledig stilling
Me har ledig
Grandane bufellesskap
1 x 100 % vikariat som miljøterapeut frå snarast til og med 01.10.19
1 x 80  % fast stilling som miljøterapeut frå snarart.
1 x 100 % vikariat frå 01.04.19 - 15.08.20
1 x 100 % vikariat frå 01.04.19 - 15.08.20
1 x 80 %  vikariat frå 01.03.19 - 01.04.20

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Tiltaka har turnusordningar med utvida arbeidstid f.t. 13 timars
dagvakter og 11 timars nattevakter, med arbeid kvar 3. helg. Enkelte dagar jobbar ein normal arbeidstid på 7 timar.

Avlastning
1 x 96,5 %vikariat som miljøterapeut frå snarast til og med 01.09.19. Stillinga kan bli fast.
1 x 47 %  fast stilling som miljøarbeidar/miljøterapeut.
1 x 50 %  vikariat som miljøarbeidar/miljøterapeut frå snarast til og med 01.05.19

Det er turnusarbeid med ei til kvar tid gjeldande turnus. I avlastningstiltaket er det for tida turnus med lange vakter i
kombinasjon med medleverturnus.

Myri
1 x 70% vikariat som miljøterapeut frå snarast til og med 01.12.19

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Tiltaka har turnusordningar med utvida arbeidstid.

Arbeidsoppgåver
Grandane bufellesskap er eit forsterka bufellesskap med fleire bueiningar. Arbeidsoppgåver er dagleg omsorg og
miljøterapeutisk arbeid i tenesta til den enkelte. Den som vert tilsett skal tilretteleggje og delta i bebuarane sine
aktivitetar, både arbeid og fritid/fysisk aktivitet.

Arbeidet består også av praktiske gjeremål i bustad og andre oppgåver delegert frå leiar. 

I avlastningsbustaden skal teamet arbeide rundt eit barn med behov for tenester. Arbeidsoppgåvene er å gje omsorg i
det daglege, grensesetje og aktivisere barnet når det er i avlastnig. I høve barnet sin alder er det viktig at dei som vert
tilsett er stabile vaksne som kan yte god omsorg.

I Myri vert arbeidsoppgåvene dagleg omsorg og miljøterapeutisk arbeid i tenesta til den enkelte. Den som vert tilsett
skal tilretteleggje og delta i bebuarane sine aktivitetar, både arbeid og fritid/fysisk aktivitet.

Arbeidet består også av praktiske gjeremål i bustad og andre oppgåver delegert frå leiar

Kvalifikasjonskrav
Høgskuleutdanning innan helse og sosialfag. Fortrinnsvis autorisert vernepleiar, men og andre med pedagogisk og relevant høgskuleutdanning kan søkje. Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid, tvang og makt, samt erfaring med utagering vil verte føretrekt.
 
Dersom det ikkje er søkjarar med rett kvalifikasjon, kan andre med relevant utdanning og erfaring bli vurdert til stillingane. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Personlege eigenskapar
- positiv, fleksibel, sjølvstendig, like å arbeide åleine og i team.
- god på kommunikasjon, også den utan ord.
- gode evner til å følge instruksar, prosedyrar og dokumentere desse.
- takle akutte situasjonar og skape ro i situasjonen.
- arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan.
- like å vere ute og vere i fysisk aktivitet.
- gode ferdigheitar i norsk, både skriftleg og munnleg.
 -ha kjennskap til helse og omsorgstenestelova Kap 9
- ha evne og vilje til å samarbeide med pårørande og andre instansar
- ha sertifikat, og skal vere sjåfør for brukar (ikkje eit absoultt krav i alle avdelingane)
- engasjement for brukargruppa
 
Personlege eigenskapar vert vektlagt

Menn vert oppmoda om å søkje.

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Politiattest vil verte krevd.

Andre opplysningar
Det er ein fordel å ha jobba etter åtferds terapeutiske tilnærmingar.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no

Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken. Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist 14.01.2019 
 
Kontaktperson
Marita Opheim, Leiar for bu- og miljøtenesta, mobil: 90807056, marita.opheim@ardal.kommune.no
Lone Fretheim Larsen, Leiar Grandane bufelleskap, mobil: 48041142, lone.fretheim.larsen@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut