Ledige stillingar: Helsefagarb./hjelpepl. /Oms.arb innan Eldreomsorg

MERK Søknadsfrist 1. juli 2019

Ledig stilling

Me har ledig
Heimesjukepleien Øvre:
1 x 50% vikariat , frå snarast til ca. 1.3.20
2 x 50% fast frå snarast

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus.
Ein må jobbe både i utesona og inne på Åbo, må ha sertifikat. 

Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar.

Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må like variasjon i arbeidet, og kunne arbeide godt sjølvstendig og i saman med andre.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter stillingskode 7076/7513 med for tida lønsplassering frå kr. 338.800,- til kr.409.200,- pr. år i 100%.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Politiattest vil verte krevd.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Hilda Nese, Tenesteleiar for institusjonar / heimetenester, mobil: 948 15 663, hne@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut