A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling som sjåfør/driftsoperatør

Ledig stilling

100% stilling som sjåfør/driftsoperatør i tekniske tenester på renovasjon.
Søknadsfrist 29.01.2018.

 

Arbeidsoppgåver
Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehold av kommunale vegar, grøntanlegg og leikeplassar, 
kyrkjegardar, vassforsyning avløp og renovasjon.
Denne stillingen har arbeidsoppgavene i hovudsak innanfor renovasjon.
På renovasjon er det jobbrotasjon der drift av forbrenningsanlegg, sjåfør på renovasjonsbil og sidemann på 
renovasjonsbil inngår.
 
Kvalifikasjonskrav
Førarkort i klasse C, er eitt krav til stillinga.
Det er ei føremon med utdanning innan mekaniske eller tekniske fag.
Det er og ønskjeleg med kvalifikasjonar som kunnskap om og erfaring frå drift/vedlikehold av prosessanlegg eller 
tekniske anlegg.
 
Personlege eigenskapar
Personlige eigenskapar vil verte vektlagte og me søkjer etter;
ein person som er serviceinnstilt, syner engasjement og vil vera med å fremma til eitt godt samarbeid 
og sjå gode løysingar.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter avtaleverket. 
I stillingskode 7517 som fagarbeidar er det for tida ei lønsplassering frå kr. 333.300,-  til kr. 401.200,-.
I stillingskode 7542 som spesialarbeidar er løna mellom kr. 288.500,- til kr. 391.200,- 
 
Kommunen har ei god offentleg tariffesta tenestepensjon. Den tilsette sitt bidrag er 2 % av løn, arbeidgjevar yter resten.
Pensjonsordninga gjev òg rett til uføre- ektefelle- og barnepensjon. I tillegg har kommunen personforsikring for 
yrkesskade, yrkesulykke og gruppeliv.
 
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Me tilbyr
Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg 
deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt 
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 29.01.2018.
 
Kontaktperson
Arne Johannes Kjos, Seksjoneiar VAR, tlf: 95074351, arne.kjos@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut