Ledig stilling - Sjåfør/fagarbeidar i tekniske tenester

Søknadsfrist 11. september 2017

Me har ledig
100% stilling som fagarbeidar/sjåfør i tekniske tenester, utedrift.

Arbeidsoppgåver
Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehold av kommunale vegar, grøntanlegg, leikeplassar, kyrkjegardar, vassforsyning, avløp og renovasjon.
Denne stillinga har arbeidsoppgåvene i hovudsak innanfor utedrift vegvedlikehald og brøytevakt i vintersesongen så erfaring frå brøyting er ei føremon.

Den som vert tilsett kan i periodar bli tildelt arbeidsoppgåver innanfor heile tenesteområdet.

Ved interne rokkeringar kan det bli ledig anna stilling innanfor tekniske tenester.
Skriv og om det kan vere av interesse.

Kvalifikasjonskrav
Me ser etter ein person som har fagbrev i veg og anlegg, men andre med erfaring kan og søkje.

Må ha førarkort klasse C. Maskinførarkurs, krankurs og trucksertifikat er ei føremon.

Personlege eigenskapar
Personlige eigenskapar vil verte vektlagde og me søkjer etter; ein person som er serviceinnstilt, syner engasjement og vil vera med å fremma til eitt godt samarbeid og sjå gode løysingar.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter avtaleverket, der utdanning og praksis vil verta lagt til grunn.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar.

Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken. Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Sven Erik Jevnaker, Oppsynsmann, mobil: 95989343, sven.erik.jevnaker@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut