A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling. Seksjonsleiar - Tekniske tenester

Søknadsfrist 14.08.2017

                 

Me har ledig
100% stilling som seksjonsleiar på utedrift.
Stillinga inngår i Tekniske tenester si leiargruppe

Arbeidsoppgåver
Fagansvarlig for : Vegar, gatelys, ras og flaumsikring, parkar, grøntanlegg og  leikeplassar.
Drift av kommunen sine hamner og kaiar.
Stillinga har ansvar for prosjektering og gjennomføring av ulike prosjekt innafor fagområda.
Til stillinga ligg budsjett og personalansvar innafor seksjonen.

Kvalifikasjonskrav
Utdanning som ingeniør eller anna relevant teknisk utdanning innanfor fagområda.

Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein person som er utadvendt, sjølvstendig, resultatorientert, strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter avtale.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Spennande og variert arbeidsoppgåver innanfor eitt viktig samfunnsområde.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Andre opplysningar
På sikt kan stillingen bli tillagt oppgaver i den 4 delte overordna  brannvaktordning til Årdal kommune.
Eventuelt naudsynt tilleggsutdanning vil bli dekka av Årdal kommune.

Søknadsprosedyre
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.                          

Kontaktperson
Svein Arve Grindhaug, mobil: 91366629, svein.grindhaug@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut