A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling på Farnes skule

Søknadsfrist 3. desember 2018

Ledig stilling

Me har ledig
100% stilling som personlig assistent som skal arbeide med elevar med særskilde behov.
Stillingen er ledig med tiltreding snarast råd.


Arbeidsoppgåver
Som personlig assistent vil arbeidet vera i team, for elevar med særskilde behov, og i ein del av stillinga vil det vera undervisning.

Kvalifikasjonskrav
Me søkjer etter ein person med utdanning som vernepleiar eller førskulelærar/eller anna pedagogisk utdanning,men søkjarar med anna relevant utdanning og praksis kan og søkje.
Me oppfordrar menn til å søkje.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest.


Løn og tilsettingsvilkår
Stillingen vert løna etter HTA, utifrå utdanning og ansiennitet.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.


Me tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.


Kontaktperson
Per Kristian Pedersen, Rektor, mobil: 90701139, Per.Kristian.Pedersen@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut